Er du bilførar eller passasjer og har særlege problem med å bevega deg over lange strekningar, kan du søkja om parkeringsløyve for forflytningshemma.
To grunnvilkår som begge må vera oppfylde for at ein søknad om parkeringsløyve kan verta innvilga:
1. Du kan ikkje gå i det heile eller har store vanskar med å bevega deg over noko lengd.
2. Du må ha særleg behov for parkeringslette på konkrete stadar.
I tillegg må den som søkjer om parkeringsløyve som passasjer ha behov for regelmessig tilsyn utanfor bilen.
Det er ikkje nok å peika på ein sjukdomtilstand som avgrensar forflytningsevna. I tillegg må du grunngje kvifor det vanlege parkeringstilbodet på ein eller fleire stadar ikkje er tilstrekkeleg til å dekkja behovet ditt. Problem med å bera varer er i seg sjølv ikkje god nok årsak til å få parkeringsløyve. Parkeringsløyve er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.
Løyvet er eit personleg parkeringskort som gjev deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.
- Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med framsida godt synleg.
- Kortet gjeld òg i heile Europa, men då etter reglane til kvart land.
- Løyvet gjeld vanlegvis for 2-5 år.