Om salsløyve
Personar eller verksemder som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søke kommunen om salsløyve. Løyve vert ikkje gjeve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld for alkoholhaldig drikk med høgst 4,7% eller 22% (for utvida kommunalt tilvirkningsløyve). Løyve vert gjeve for maksimum fire år om gangen.
Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda vert overdregen til andre. Verksemda kan likevel fortsette på det tidligare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheit (kommunen) er underretta om dette. Det må søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overtaking.
Kriterium/vilkår
Løyvesøkjar og personar som har vesentlig innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderlig vandel. For kvart løyve skal det utpeikast ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må være over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.
Løyve vert tildelt etter ei vurdering ut i frå skjøn.
Samarbeidspartnarar
• Vaktselskap/kontrollører
• Lensmann/politi (skal uttale seg om søkarens og sentrale personars vandel)
• Skatteetaten (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehaldar overheld skatte-, avgifts- og rekneskapslova)
Sosialtenesta (skal uttale seg om søknaden ut frå eit sosialt og helse perspektiv)