I opplæringslova § 2-2. 4. ledd heiter det:
Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen.
I § 3 i forskriftene til Voss herad heiter det at elever ikkje kan få permisjon for meir enn ti - 10 skuledagar innanfor eit skuleår.
I Voss herad er det delegert til rektor å innvilga permisjon inntil ti - 10 dagar per skuleår. Kontaktlærar kan innvilga permisjon for inntil to - 2 dagar.
Eit vilkår for at eleven skal kunne få permisjon er at barnet, samla sett får forsvarleg opplæring. Dette skal vurderast i kvar einskild sak.
Retten til å vera borte for elevar som høyrer til andre trusamfunn enn den norske kyrkja, kjem i tillegg, men kan ikkje leggjast saman med ein ti - 10 dagars friperiode.
Foreldra må sjølve sørgja for at borna får undervisning i permisjonstida. Ein kan ikkje krevja at lærarane spesielt skal tilretteleggja for dette, men foreldra kan bruka tilgjengelege årsplanar og arbeidsplanar.
Det er mogeleg å klaga
på vedtaket, frist for å klage er tre - 3 veker etter at du mottok brevet. Eventuell klage skal leverast til skulen til barnet.