Fyll ut skjemaet så nøyaktig som mogleg og ver observant på følgjande:
• For å bli støttekontakt må du som hovudregel ha fylt 18 år, og vera påliteleg og trygg på deg
sjølv. Det er ynskjeleg for den som treng støttekontakt at du kan vera støttekontakt over tid. Det
er ikkje krav om fagbakgrunn. Du kan få tilbod om opplæring før start, og undervegs.
• Støttekontakten må skriva under på skjema for teieplikt. Teieplikta inneber m.a. at du ikkje skal
la utanforståande få kjennskap til personlege tilhøve kring den du er støttekontakt /
treningskontakt for. Som støttekontakt må du levera gyldig politiattest. Støttekontakttenesta hjelper deg med å innhente attesten.
• Ein får godtgjersle med eit kronebeløp per time, i tillegg til utgiftsrefusjon og evt køyregodtgjersle
i samsvar med retningsliner i Voss kommune.
• Som støttekontakt i Voss herad er ein oppdragstakar og ein har dermed ikkje rett på
feriepengar eller sjukepengar. Støttekontaktar er ikkje knytt opp mot ordning om tenestepensjon,
men opptent godtgjersle vert meldt inn til Folketrygda.
• Det kan ta tid frå du leverer søknad til du får tildelt ein å vera støtte- eller treningskontakt for.
Dette for å sikra at du er rett person til rett brukar.
• Me vil etter motteken søknad kalla deg inn til ein samtale. Vær difor nøyaktig med
kontaktinformasjonen.
• Me vil handsama dine opplysningar konfidensielt.