Dersom du
ynskjer å etablera ny bustad eller hytte i eit område der det ikkje finst
offentleg avløpsleidning, må du søkje byggesaksavdelinga om utsleppsløyve.
Dette er heimla i Forurensingsforskriften kapittel 12.
Dette
gjeld og om du ønskjer å auka eksisterande utslepp vesentleg. Som vesentleg
auke reknar me mellom anna innleggjing av vatn og installering av vassklosett.
Det må i
tillegg søkjast om løyve til etablering av avløpsanlegget etter plan- og
bygningslova § 20-1, det vert sett krav om at eit godkjent føretak har ansvar
for denne søknadsprosessen.
Ingen kan
setje i verk nye utslepp eller auke utslepp vesentleg utan løyve frå kommunen.
Målgruppe
Personar
som skal etablere ny bustad eller hytte i eit område der det ikkje er offentleg
avløpsleidning, og for personar der det er ynskjeleg å etablere utslepp frå
eksisterande bustad eller hytte.
Vilkår
Utsleppet
er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles frem av
Forurensingsforskriften kapittel 12. Vilkår kan og gå fram av løyvet. Eigar av
avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta.
Kommunen
kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygd og igangsett i samsvar med
vilkår som går fram av løyvet.
- Utslepp av sanitært avlaupsvatn er søknadspliktig jf. forureiningsforskrifta kap. 12. Søknad med alle opplysningar vil bli behandla av kommunen. Søknad i samsvar med standardkrava i kap. 12 vil bli behandla innan 6 veker. Søknad om unntak frå standardkrava i kap. 12 vil bli behandla utan ugrunna opphald, men behandlinga kan ta meir enn 6 veker.
- For prosjektering og utføring av avlaupsanlegget, gjeld bestemmingane i plan- og bygningslova § 20-1 vedk. søknad om tiltak, godkjenning av føretak og ansvarsrett. Bygging av anlegget kan fyrst starte når det ligg føre eit igangsetjingsløyve frå kommunen.
- Les "Rettleiing til søkjar" før du startar utfyllinga.