GRØN
NOVEMBER 2024
Grøn november 2024 har som føremål å
synleggjera og lyfta mangfaldet innan ombruk, reparasjon, utlån- og
deleordningar, sirkulære løysingar og bidrag innan sosial berekraft i Voss
herad.
Voss herad har sett av 50 000 kr til
frivillige organisasjonar som gjennomfører arrangement under Grøn november i år.
Søknadsfrist er 18.10.2024.
Kven kan få støtte?
- Frivillige organisasjonar
med folkeregistrert adresse i Voss herad.
Kva kan du få støtte til?
- Arrangement må ha som
føremål å bidra til å redusera materielt forbruk og avfallsmengd og/eller
gode sirkulære løysingar. Les gjerne meir under satsingsområda 9, 10, 11
og 12 i Vossaklima
2030
Døme på arrangement kan vera reparasjon og
ombruk innan kle, sykkel, ski, elektronikk, utstyr, utlån- og deleordningar,
workshop innan matsvinn, gjenbruk av tremateriale, prosjekt innan
delingsøkonomi og bidrag til sosial berekraft. Me er opne for eit breitt
spekter av innfallsvinklar.
Vilkår for å motta støtte:
- Arrangementet må
gjennomførast i løpet av november. Gamlekinoen er disponibel i
perioden 25. - 29. november.
- Kvart arrangement kan
støttast med opptil 5000 kr.
- Kvar organisasjon kan
maksimalt få innvilga støtte til to arrangement.
- Aktivitetar og arrangement
som vert gjennomført under Grøn november bør vera gratis eller ha ein
symbolsk pris.
- Alle arrangement vert
meldt inn som ein del av det offisielle programmet til Grøn november og
lagt inn i aktivitetskalender.
- Marknadsføring skjer i
tråd med den grafiske profilen til Grøn november. Ved tildelt støtte får
de tilsendt logo og anna grafisk materiell.
Kva må søknaden innehalde?
- Kort skildring av
arrangementet: tid, stad, type aktivitet, målgruppe og praktisk
gjennomføring.
- Kort skildring av korleis
arrangementet kan bidra til lågare materielt forbruk.
- Enkelt budsjett.
Svarfrist:
- Søkjar får svar innan 25.
oktober.
- Dersom arrangementet vert
avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet
verta kravd tilbakebetalt. Beløpet vert innkrevd gjennom varsel og faktura
frå Voss herad.
Krav til rapportering:
- Det skal leverast ein kort
rapport i etterkant av arrangementet med informasjon om gjennomføring,
evaluering, korleis tilskotet vart brukt og eit bilete frå arrangementet.
- Rapporten må sendast
innan 6. desember 2024.
Utbetaling:
- Utbetaling skjer seinast
ei veke etter innlevert rapport.
Spørsmål?
Ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Lina
Hamre lina.hamre@voss.herad.no eller Leiar for ungdomsarbeid Kristine Akselberg kristine.akselberg@voss.herad.no