Voss herad ynskjer
ein oversikt over potensielle fritidsbustader for busetting av flyktningar.
I dette
skjemaet kan du melda inn om du har ein ledig fritidsbustad. Voss herad forpliktar seg
ikkje til å nytte fritidsbustadane som blir meldt inn – og ei melding via
dette skjemaet forpliktar heller ikkje huseigar på nokon måte.
Fritidsbustaden må ha:
- Kjøkkenløysning, stove og bad.
- Tilknyting til vass- og avløpssystem.
- Straum og internett. Dersom det ikkje er mogelegheit for å teikna eige abonnement til internett gjennom allereide etablert utstyr, må utleigar sørge for at dette blir etablert.
- Nærleik til offentleg veg.
- Branntryggleiken må vera vareteken
Voss herad vil stå som leigetakar og skriv kontrakt med to års varigheit med gjensidig oppseiingstid på 3 mnd. Fritidsbustadane vert mellombels fitekne for søknadsplikt og vil dermed kunna brukast som fast bustad/heilårsbustad under varigheita til kontrakten. Dette gir også rett til straumstøtte.